Fredag 03.09.2010 kl 06:29 - Det er 11 bloggere innlogget.

Ingvild

Fra Nordfjordeid

Besøk

Forumstatus

Ingvilds bloggarkiv

Ingvilds venner

Anbefalte bloggere

Siste blogger

Ingvild

FJORDANE FHS 10/11


Eg heiter Ingvild, og er ei 21 år gammal jente frå Volda. Eg starta nett på Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid, og gleg meg til eit supert år her!

Det er fjordhesten som ligg hjartet mitt nærast, og eg er engasjert i alt som har med rasa å gjere. Eg er medlem av Ørsta og Volda fjordhestlag samt Norges fjordhestlag, og eg skriv regelmessig til medlemsbladet Fjordhesten. Dei største høgdepunkta for ein fjordhestfrelst er sjølvsagt hingsteutstillinga på Nordfjordeid i mai, samt noregsmeisterskapen for fjordhest som vert arrangert kvar sommar. Dette gler eg meg til kvart år!

Edel Mai er mi flotte fjordhoppe, fødd 13. mai 2007. Ho er e. Haukaren (K. pr III kval) og Mette Fra Skårhaug (1. pr I kval), oppdrettar er Jostein Vonheim. Eg kjøpte Mai i august 2008, og det angrar eg ikkje eit sekund på! Mai er delvis innridd og innkøyrd, men har fortsatt mykje att å lære. Ho er ein positiv og lærevillig hest, og eg gler meg veldig til å ta del i utdanninga hennar. Eg har eit ynskje om å starte ho i 4-årsklassene på fjordhest-NM neste år, men om det vert noko me satsar mot får me vente å sjå. Eg er i alle fall ikkje i tvil om at Mai kjem til å verte ein super brukshest med tida.

Eg nyttar bloggen for det meste som dagbok, så her kjem det jamlege oppdateringar om meg og mitt hesteliv. Livet med unghest er sentralt i bloggane mine, i tillegg til at det dukkar opp ein temablogg i ny og ne. Eg set veldig pris på alle kommentarane eg får på bloggane mine, samt alle helsingane som vert lagt att i gjesteboka.




01.09 2010 - 22:53

Vår første ridetime på skulen

I dag rei eg Mai på vår første ridetime i skulen. Eg var spent på korleis Mai kom til å reagere når me skulle vere mange hestar på time samtidig, me...

31.08 2010 - 23:36

Skuleåret er i gong!

Laurdag byrja skuleåret her på Fjordane folkehøgskule, og det ligg an til å verte eit kjempeår! Dei første dagane har gått kjempefort, og m...

28.08 2010 - 11:23

To år med Edel Mai

I dag er det akkurat to år sidan eg kjøpte mi kjære Edel Mai. Det har vore to utrulig kjekke og lærerike år, og forhåpentlegvis er dette berre starten på v&a...

28.08 2010 - 00:51

Skulder på tur

Mai har stått på NFHS i nokre dagar no, og byrjar å slå seg til ro. Torsdag fekk ho ein paddockkompis, og i går hadde me ridetime for Annifrid.

25.08 2010 - 23:25

Vår nye heim!

I alle fall Mai sin nye heim – vi har flytta på ny stall!

22.08 2010 - 00:58

BB: Stor forbetring!

Laurdag hadde eg og Mai vår andre dressurøkt på ridebana. Mai fekk nokre vanskelegare oppgåver enn sist, medan eg konsentrerte meg om å sitje så&n...

21.08 2010 - 00:18

Taumkøyring i kveldssola

Eg og Mai er i gong med treninga att, og torsdag tok me oss ein kveldstur til ridebana. Det var tid for ei taumkøyringsøkt, og eg merkar godt at Mai har vore ute av tren...

20.08 2010 - 21:45

BB: Fjordhest – eller flodhest?

Ein kan vel kanskje byrje å lure når ein ser desse bileta.

12.08 2010 - 23:59

BB: Vår første dressurøkt

I dag tok eg med Mai ned på ridebana – det var tid for vår første dressurøkt! Heilt fersk hest og ganske rusten ryttar er ingen god kombinasjon, men ein stad m...

11.08 2010 - 23:55

Rumpeflytting og anna gøy

Når ein skal verte dressurhest etterkvart, er det greitt å jobbe litt med grunnleggande ting frå bakken. I dag øvde eg og Mai på både rumpeflytting og and...

02.08 2010 - 00:43

Den einaste vegen til Rom

”Gjer det du alltid har gjort, og få dei resultata du alltid har fått” har ei vis sjel sagt ein gong. Kvifor er me så opphengt i måten me gjer ting p&...

29.07 2010 - 23:50

Kva er viktigast?

Av og til må ein setje seg ned og tenkje over kva som verkeleg er det viktigaste når ein driv med hest. Eg har fått tenkt ein del i det siste, og har funne ut kvar hovu...

25.07 2010 - 17:38

Sommarsveis

- eller skamklypt hest, om du vil.

25.07 2010 - 15:42

BB: Høgdepunkt frå Fjordhest-NM

Førre veke vart Fjordhest-NM arrangert i vakre omgjevnader i Ørsta på Sunnmøre, og eg var sjølvsagt der med kamera. Her kjem dei beste bileta mine fr...

20.07 2010 - 22:23

BB/FB: Eit ærleg forsøk

Etter å ha fått god hjelp av Ruthe sist gong me taumkøyrde, var det på tide å prøve litt på eiga hand. Eg får ikkje ting til på langt n...

19.07 2010 - 21:08

BB: Gamle kunstar er ikkje gløymde

Under Fjordhest-NM har eg hatt besøk av Monica og Ruthe, og tysdag var dei med og trena Mai. Dette var første gong ho vart trena etter å ha hatt fri ei stund, men likevel ...

02.07 2010 - 20:48

BB: Beiteliv

Mai har vore heime i Volda nokre dagar no, og ho storkosar seg på sommarbeite saman med tre andre hestar.

29.06 2010 - 00:09

Maien er heime!

Måndag kom Mai heim etter eit ein månad langt opphald hjå Ina Gjerland. Endeleg kan ho fraktast på vanleg hengar!

02.06 2010 - 00:42

Når ein ikkje får til ting sjølv…

…kan det vere veldig smart å søke hjelp frå erfarne folk. Sidan Mai har eit problem som eg ikkje klarer å løyse på eiga hand, har ho no reist i trening for...

01.06 2010 - 23:50

BB: Ridetur i strålande sol

Sola skin frå skyfri himmel, og det er varmt i lufta. Kva er vel betre å bruke ein slik dag til enn ein ridetur i skogen?