Edelt metall til norske ekvipasjer
23.-26. juli reiste ein norsk delegasjon til Vaggeryd i Sverige for å konkurrere om heider og ære. Noreg stilte med ni ryttarar og ti hestar, samt ein fyldig heiagjeng. Dei norske ekvipasjene var delt inn i tre lag, som skulle konkurrere mot to danske, tre svenske og eitt finsk lag i lagkonkurransen.
Her skulle ein altså ikkje berre prestere individuelt, men også saman med andre. Noreg hadde elles fire ekvipasjer i nordisk allround, tre i nordisk sprang, to i nordisk dressur og tre i nordisk køyring.
Opningsseremoni
Nokre ekvipasjer møtte opp på stemneplassen allereie tysdag, medan flesteparten kom fram onsdag. Torsdag var det duka for veterinærsjekk, og alle dei norske gjekk rett gjennom.
I tolvtida var det klart for opningsseremoni, der kvart land stilte med to ryttarar som flaggbærarar. Resten gjekk til fots bak. Dette var ein fin måte å gjere det på.
Dressur
Litt seinare på dag var det tid for dei fyrste teljande klassene i dressur, og 1. avdeling nordisk dressur (LA3) gjekk parallelt med 1. avdeling nordisk allround (LA1). I allroundklassen vart det to norske på pallen. Sylvia Langeland/Freddi tok 1. plassen i klassen, med Annike Mikkelsen/Blåtopps Aron på 3. plass.
Nordisk dressur vart i år som tidlegare år dominert av dei danske ekvipasjene, som tok med seg omtrent det som var av plasseringar i det 32 ekvipasjer store startfeltet. Annike Mikkelsen/Roselise vart beste norske i denne klassen, på ein sterk 4. plass. Sju av åtte plasserte reid til over 70 prosent!
Køyring og sprang
Fredag var det dressurkøyring og sprang som stod på plakaten. Kristine Koller/Fossumbirken vart best av dei norske i dressurkøyringa, med ein fin fjerdeplass. Dei vart med dette første uplasserte, og la eit godt grunnlag før maraton.
I allround-sprangen var det Liv Jorunn Nyhagen/Pokemann som trekte det lengste strået av dei norske, då dei etter dobbel nullrunde kunne innkassere 4.plassen i klassen. 1. avdeling i nordisk sprang baud ikkje på dei største oppturane for dei norske ekvipasjene, då Ingrid Modalen/Ryttergårdens Herkules vart beste norske på ein 11. plass, trass i rask og feilfri omhoppingsrunde.
Det vart vist riding på høgt nivå i denne klassen, og av 19 startande var det berre tre som ikkje kom til omhopping. Dei fleste klarte to feilfrie runder.
Maraton
Laurdag morgon var det action og høgt adrenalin. Då gjekk nemleg maratonkøyringa føre seg i skogen ved sidan av travbana. Alle dei fem hindera låg side om side i skogholtet, noko som var særs publikumsvennleg. Den norske heiagjengen var ikkje den største, men eg er ganske sikker på at den kunne høyrast over heile norden!
Alle dei norske kuskane kom seg feilfritt gjennom løypa, og det var nok ein gang Kristine Koller/Fossumbirken som gjorde det skarpast av dei norske. Det var tett i toppen, men sett opp mot gårsdagens dressurkøyringsresultat så køyrde denne ekvipasjen seg opp til bronseplass etter to avdelingar.
Bronse i dressur
Seinare på dagen var det tid for 2. avdeling nordisk dressur, som gjekk i LA4. Annike Mikkelsen/Roselise hadde nok ein gang dagen, og tok ein solid 4. plass. Det vart ikkje gitt like mange høge prosentar i denne klassen som i 1. avdeling, men det var like fullt mykje flott riding å sjå i regnvêret.
Om kvelden var det premieutdeling for nordisk dressur, og etter to gode runder kunne Annike Mikkelsen/Roselise smykke seg med bronsemedalje i meisterskapen.
Noregsmeister tok bronse
Resterande klasser vart avgjort søndag. Då var det tid for 3. avdeling i nordisk allround/nordisk køyring; presisjonskøyring, samt 2. avdeling nordisk sprang.
Allround-presisjonen vart vunnen av Sylvia Langeland/Freddi, etter ei rask og feilfri runde. Dette gav ekvipasjen bronse i allroundklassen totalt. Ein flott prestasjon av den regjerande noregsmeisteren!
Reiv i presisjon
Medan dei andre meisterskapane i hovudsak var dominert av danske ekvipasjer, vart det finsk siger i køyremeisterskapen, med Sverige på 2. plass og bronse til Noreg! Kristine Koller/Fossumbirken måtte tole to riv i sin presisjonsklasse, men ekvipasjen beheldt likevel bronsen i køyring.
Sprangmeisterskapen fekk ingen norske på pallen, men Synne Torp Halvorsen/Torp Kaia slo til med 4. plass i 2. avdeling etter to gode runder. Dette gav ekvipasjen ein delt 9.plass i sprangmeisterskapen, der plassen vart delt med Ingrid Modalen/Ryttergårdens Herkules, også frå Noreg.
Kald avslutning
Det dårlege vêret som kom snikande i løpet av laurdagen, hadde ingen planer om å forlate Vaggeryd søndag. Det vart såleis ei våt og kald avslutning på årets nordiske meisterskap. Det bøtta ned under den timelange avslutningsseremonien, så både folk og dyr var glade for å kome seg under tak då det nærma seg heimreise.
Men korleis gjekk det med dei norske laga, tenkjer du kanskje no? Den siste klassen som vart premiert hadde også tre norske ekvipasjer med. Noreg 3, som bestod av Annike Mikkelsen/Roselise, Aina Huseby/Sylvar og Synne Torp Halvorsen/Torp Kaia, sikra sølvet etter jamne og gode prestasjonar. Dei øvrige to norske laga hamna på 5. og 7. plass.
Planer om EM i Danmark
Alle deltakarane og deira medhjelparar hadde ein sosial og kjekk tur, der det vart tid til mykje meir enn berre å konkurrere. Hesteutstyrsshopping i Jönköping og lange grillkveldar var mellom aktivitetane som vart sett stor pris på av den norske delegasjonen.
Under avslutningsseremonien vart ”stafettpinnen”, i form av kjepphesten ”Blåbär”, sendt vidare til Noreg. Nordisk 2017 vil såleis finne stad i moderlandet til fjordhesten, men tid og stad er enno ikkje avgjort.
For dei som ikkje har lyst til å vente så lenge med å møte utanlandsk konkurranse, så kom danskane med ei gladnyheit under Nordisk: allereie neste år, i 2016, er det planer om å arrangere Europameisterskap for fjordhest i Danmark. Då er det berre å legge seg i hardtrening folkens!
Dei norske deltakarane under årets Nordisk
Lag 1: (5. plass)
Cassandre Bach-Gansmo/Flemming (16. plass nordisk sprang)
Kristine Koller (bronse nordisk køyring)
Liv Jorunn Nyhagen (5.plass nordisk allround/21. plass nordisk dressur)
Lag 2: (7. plass)
Ingrid Modalen/Ryttergårdens Herkules (9.plass nordisk sprang)
Merete Louise Sandem/Tord (6.plass nordisk køyring/9.plass nordisk allround)
Sylvia Langeland/Freddi (bronse nordisk allround)
Lag 3: (sølv)
Synne Torp Halvorsen/Torp Kaia (9.plass nordisk sprang)
Aina Huseby/Sylvar (8.plass nordisk køyring)
Annike Mikkelsen/Roselise (bronse nordisk dressur)
I tillegg stilte Annike Mikkelsen med Blåtopps Aaron (7. plass nordisk allround)
For fullsteindige resultatlister, sjå www.fjordsm2015.se eller Fjordhäst NM och SM 2015 på Facebook.