Korleis kan du nå dine mål?
- Måten ein ser ting på er viktig for korleis ein vert motivert, sa Gutubakken under hest.no sitt motivasjonsseminar under AEG.
- Sjå rundt deg og legg merke til kva som er kvitt. Lat att augene og tenk på det som er svart, og du vil merke at du i grunn ikkje veit kva i rommet som er svart fordi du har fokusert på det kvite.
Han illustrerer tankegangen med eit bilete av to fangar i eit fengsel. Begge malar det dei ser ut vindauget på cella, men den eine malar gitteret, altså alle hindringane som står i vegen for å nå målet: Fridomen, og den andre malar naturen utanfor gitteret. Han ser lenger enn hindringane og har ein motivasjon basert på mulighetene der framme, ikkje hindringane rett framfor seg.
- Toppryttarar sug på karamellene og det positive. Om dei erfarer noko negativt, lærer dei av det og legg det bak seg. Det er mykje som eg mogeleg om ein berre går for det, seier Gutubakken, og snakkar om tankegangen bak boka "The Secret".
The secret
- The Secret handlar om at om du verkeleg trur på ting, og ser føre deg ting, så skjer dei. Mange tenker at denne tankegangen er ny, men det er den ikkje, seier Gutubakken og siterer bibelen.
Teorien om at den som trur den vil lukkast, lukkast, er eldgamal. Sjå for deg at ting går bra, sjå føre deg at du vinn ein klasse, og du vil få ein heilt annan motivasjon enn om du ser føre deg at du riv hinder og får ei dårleg plassering. Det er ein kjend strategi for toppidrettsutøvarar.
- Det er også viktig å gi kvarandre mange sjansar, seier Gutubakken.
- For eksempel barn som skal lære seg å gå. Dei dett dei første gongane, men vi gir ikkje opp trua på at dei skal lære seg å gå av den grunn. Istaden tenker vi at det er ein sjølvfølge at barnet skal lære seg å gå.
Denne tankegangen kan overførast til fleire områder av livet. Forventningar om korleis ting vil gå er nemleg svært avgjerande for korleis ting faktisk går. Tilpass forventningsnivået både til deg sjølv og andre. Her tek Gutubakken eit talande eksempel.
- Ein kamerat av meg er hekta på motorcross. Heile sommaren tilbringer han med dette. Når han traff damer, forventa dei seg å vere hans førsteprioritet og forholda rauk raskt då mannen var ute og køyrde cross heile sommarhalvåret. Til slutt la han om strategien. Då han traff ei ny dame, sette han sykkelen inn i stova før han inviterte dama på besøk. Han sa til dama at denne sykkelen er nummer ein i mitt liv.
- Og kva er poenget? Jo poenget er at han på denne måten stilte inn damas forventningsnivå. Ho forventa ikkje at han skulle vere saman med henne heile tida, og forventa at han var mykje borte på cross. Det skapte eit heilt anna utgangspunkt for forholdet enn om dama hadde venta seg at han var heime med henne heile tida.
Riktig utgangspunkt er viktig
- Startpunktet du gir både deg sjølv og andre, er avgjerande, seier Gutubakken og dreg fram eit anna eksempel frå distanseritt.
To trenarar gav to ulike råd til to omtrent like gode distanseryttarar. Den eine ryttaren fekk beskjed om å delta og lære, medan den andre, frå sin trenar, fekk beskjed om at ho, om ho rei på sine beste tider, kunne vinne. Desse råda, eller desse to ulike utgangspunkta, førte til to svært ulike resultat på to ganske like gode ryttarane. Ein deltok for å delta og forventa ingenting anna, og den andre deltok for å vinne. Dei hadde to heilt ulike startpunkt og startpunkta vart avgjerande for resultatet.
- Fokuser på det du gjer bra, den gode karamellen, og ikkje på det dårlege. Det vi seier til oss sjølv oppfattar vi som sant, så ver forsiktig med kva du seier til deg sjølv, advarer han.
- Lær av feil, men legg vekt på det positive. Spør deg sjølv: Korleis gjorde vi det da vi lyktes? Bygg opp trua på at du kan få det til igjen.
Gutubakken fortel om fleire tilfeller der folk har fått til ting ein trudde var umogeleg. Ryttarar som har kome seg etter ein skade, fått til ein hest som var heilt umogeleg. Det handlar litt om kva begrensningar ein legg på seg sjølv.
Set deg mål og ha fokus!
- Tru på deg sjølv, lik deg sjølv og ver god på fokus, er gode råd, seier han.
- Det er viktig at mål står i ledtog med virkemiddel og strategiane du bruker. Ingen mål er betre enn andre, men ver bevisst på kva som er ditt mål. Ha fokus og velg dei rette strategiane og virkemidla som må til for å nå dine mål. Gjer dei rette grepa.
Ha delmål. Det hjelp på motivasjonen. For meg er det ikkje så langt å ri 16 mil fordi eg rir ein meter om gongen. Nokre tenker på NM om sju månader, medan andre har fokus på neste trening. Ein kan velge kortsiktig eller langsiktig planlegging, men ha fokus! Motivasjon handlar ikkje minst om bevisstgjering: Kva er det du gjer? Kvifor, og kva er måla dine?
Den frimodige oppnår mykje meir enn den som er beskjeden: Spør! Stiller du spørsmål vil du raskare få avklaring og raskare nå måla dine.
Dei som går fast i eit spor heng att i det negative. Dei tar med seg det negative og bygger vidare på dette heller enn å endre strategi. Har du feil trenar? Bytt. Dette handlar ofte om personkjemi.
Ein teknikk for å få fokus bort frå det negative er å ha ein plan: Vit kva du vil og velg i tråd med dette.
Der finst to perspektiv: Å sjå bakover eller å sjå framover.
Ein kan late seg motivere av andres suksess. Då får ein meir tilbake, og folk vil glede seg på dine vegne, heller enn om ein bruker energien sin på misunning og baksnakking. Er ein raus får ein betre nettverk og meir applaus.
Tenk på korleis du oppfører deg
- Nokre folk løfter deg opp, andre trykker deg ned. Ver bevisst på kven dette er, seier Gutubakken.
Det er også viktig å motivere andre. Gratuler dei når dei vinn, sjølv om du taper: Ver ein god tapar. Gi kompliment og sei noko pent. Legg vekt på det positive, men det må vere hald i det du seier. Ikkje kom med tomme fraser.
- Legg vekt på at du er ein rollefigur. Det du seier har virkning. Er ein flink på positive tilbakemeldingar, skaper ein eit godt miljø, og ein positiv person kan ha store ringverknader i arbeids- og stallmiljø, seier Gutubakken.
Han anbefaler å ta ting direkte med den det gjeld, heller enn å legge ut statusar på Facebook eller gå via andre. Slike ting skaper dårleg miljø.
I etterkant av seminaret var det fleire som inviterte Jan Gutubakken til å halde motivasjonsseminar for sine rideklubbar. Om de ønsker at han skal kome til dykkar stall, send ein epost til post(att)fordeler.com.