- Det er ein kunstig diskusjon
- Kvar enkelt hest må vurderast kvar for seg, sa Tone Wien på hest.no-seminaret om skoing eller barfot under AEG.
- Problemet er ikkje hovslagarar, men dårlege hovslagarar. Problemet er heller ikkje barfottrimmarar, men dårlege barfottrimmarar. Problemet er heller ikkje hestane, men eigarane fordi dei ofte manglar kompetanse og erfaring til å ta gode valg for hesten sin. Resultatet er at mange hestar ikkje får den hjelpa med hovane som dei treng.
- Skal du ha hesten din barfot, må du kjenne hesten og vite kva den treng. Å bruke to år på å få hesten velfungerande barfot utan å lukkast, er ikkje hestevelferd, slår ho fast.
No er veterinæren og barfottrimmaren i ferd med å ta fagbrev som hovslagar, i tillegg til arbeidet som veterinær.
Hovslagar Aksel Vibe er einig. Han er fleire gongar Norgesmeister i skoing med fleire europeiske plasseringar, og meiner diskusjonen sko eller ikkje sko er uinteressant.
- Spørsmålet er om reine barfottrimmarar er noko vi treng? Er det eit ønske som kjem frå alternativmiljøet? God hovpleie skal utførast av folk med utdanning og kompetanse. Den formelle kompetansen er det dei med fagbrev som har, seier Vibe, og peiker på at standarden på fagbrevet flyttar seg heile tida.
Lettvinte og dyre kurs
Dei som tek fagbrev som hovslagarar i Norge idag lærer både om å sko, og om å trimme ein hest som skal gå utan sko. Vibe stiller difor spørsmål ved om ein har behov for å utdanne reine barfottrimmarar.
- Mange sel lettvinte og dyre kurs i barfottrimming der dei som deltek til og med får ein diplom. Det er etisk og moralsk forkasteleg, seier Vibe, som har sett barfottrimmarar trimme hovar så det var rein dyremishandling.
- Det er eit problem at kursvirksomhet skriv ut eigne diplomar i skoing og barfottrim som kan brukast som bevis på kompetanse. Dette er berre tull.
Både Wien og Vibe kjenner til barfottrimmarar som berre har teke helgekurs.
Aksel Vibe minner om at det er eigars ansvar at den som skor eller trimmar hesten har rett kompetanse. Bruker ein ein hovtrimmar som ikkje er kvalifisert eller gjer ein dårleg jobb, er det eigars ansvar. Dette er i tråd med Lov om dyrevelferd paragraf 6: "Dyreholder skal sørge for at dyr blir ivaretatt av tilstrekkelig og faglig kompetent personell. Andre skal ha nødvendig kompetanse til den aktiviteten de utfører."
Blir hesten skada av dårleg trimming eller skoing, er det eigar som sit i saksa.
Uprofesjonelle aktørar
Veterinær Tone Wien bekreftar at det er eigars ansvar.
- I dag er det ikkje krav til kompetanse hos den som skor og trimmar. Den som vil kan kalle seg hovslagar og sette i gang, men det er likevel forbode ved lov å påføre hesten smerte og eigar har ansvar for kven som får sko og trimme hesten, seier ho.
- Der finst også både barfottrimmarar og folk som kallar seg hovslagarar som eg skulle ønske vi kunne stoppe.
I dag har hovslagarforeningen 37 medlemmar med fagbrev. Det er altfor lite til å dekke etterspurnaden i Norge. Mange nyttar ein nabo, venn eller nokon som tek på seg å sko hestar.
- Der finst mange i det grå området med kurs og diplomar utan formell kompetanse. Dei fleste hestar i Norge idag blir skodd og trimma av uprofesjonelle aktørar, seier Wien.
Per idag er den faglege kompetansen for å sko og trimme hest enkelt og greit eit fagbrev som hovslagar. Der er ingenting anna som gir ein formell kompetanse.
Må kunne både sko og trimme
Aksel Vibe seier vi treng ei forskrift som set krav til formell kompetanse hos den som skor og trimmar hest, og har fleire gonger vore i kontakt med Mattilsynet.
- Alle meiner der trengs ei forskrift, men lite blir gjort fordi det må kome ein instruks frå Landbruks- og matdepartementet (LMD), seier han.
- Samtidig er det stor kursvirksomhet. Deltakarane går ikkje i lære, men tar helgekurs og startar med å sko og trimme. Vi treng ei forskrift som gjer at folk går i lære, ikkje googlar opp stader der dei kan ta eit kurs.
Tone Wien meiner at når folk vil ha hesten barfot og stelle den sjølv, er det betre at dei har kurs enn ingenting, men i ei ideell framtid skal desse vekk.
Aksel Vibe seier at hovslagarar og barfottrimmarar må ha god nok kompetanse til å avgjere om hesten har det best med sko eller utan. Å ikkje velge, men bestemme seg på førehand, er ofte inga god løysing. Ikkje alle hestar fungerer barfot.
- Har ein kompetanse på begge delar kan ein ta gode valg for hesten og velge mellom sko og barfot.
Ikkje lov å stille diagnosar
Nokre hovslagarar stiller også diagnosar på hesten. Dette har dei ikkje lov til.
- Ein hovslagar skal gi hesteeigar beskjed om når hesten treng veterinærtilsyn, men nokre barfottrimmarar seier til hesteeigar at han ikkje skal ringe veterinær sjølv om hesten er alvorleg sjuk, og slike trimmarar ønsker vi ikkje å ha, seier Aksel Vibe.
Å ikkje tilkalle veterinær til sjuke hestar som treng det, er brot på Lov om dyrevelferd og kan straffeforfølgast. Kjenner ein til slike tilfeller skal Mattilsynet varslast, eventuelt også politi (journ. anm.)
Aksel Vibe ønsker seg ei forskrift som stiller krav til kompetansebevis.
- I England har ein ikkje lov å sko hestar utan å vere fagutdanna og registert. Slik ønsker vi at det også skal bli i Norge, avsluttar han.